50 % driftsavtale psykomotorisk fysioterapeut barn, unge og vaksne
Vestnes kommune
Om stillingen:
Søknadsfrist: 24.09.2023
Kontaktinfo: Ina Killingrød Greve
mob: 97 48 27 75
Det er ledig 50% driftsavtale for
psykomotorisk fysioterapeut frå januar 2024.
Lokalitetar
Fysioterapeuten er samlokalisert med 2 kommunefysioterapeutar, 1 privat
fysioterapeutstilling med driftsavtale, ergoterapeut og fotterapeut på
Aktivitetssenteret på Helland. Aktivitetssenteret inneheld godt tilrettelagde
lokalitetar, ligg i nærleiken av nytt helsehus - Stella Maris med legesenter,
institusjon, heimetenester, kafeteria og bibliotek. Helsestasjon og rådhus nært
ved.
Kompetansekrav
Det er eit krav at den som blir tilsett har autorisasjon som fysioterapeut og
godkjent tilleggsutdanning innan psykomotorisk fysioterapi, eller er under
utdanning til psykomotorisk fysioterapeut.
Avtalen er
regulert etter ASA nr. 4313, slik den til ein kvar tid lyder.
Slik søkjer du:
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er
søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i
betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og
registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med
vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.