Fysioterapeut / teamkoordinator for AiR digital

AiR i Oslo - det digitale rehabiliteringssenteret

Om stillingen:

Søknadsfrist: 24. mai 2022

Kontaktinfo: Spesialrådgjevar Solveig Svardal, tlf. 901 80 594, solveig.svardal@air.no

Søk på stillingen

Vil du vere med og utvikle noko heilt nytt?

Frå 1. januar 2023 etablerer me eit heilt nytt tilbod, der VR og ulike digitale løysingar skal gjere den tverrfaglege ekspertisen av legar, fysioterapeutar, arbeidskonsulentar, psykologar og idrettspedagogar ved AiR i Rauland tilgjengeleg for nye grupper, i første omgang i Oslo.

Til dette treng me to nye drivande dyktige medarbeidarar, som vil vere sentrale i å utvikle og drive det nye tilbodet, saman med leiaren av AiR digital, fagmiljøet i Rauland og innovasjonsavdelinga. Både stillinga som arbeidskonsulent og som fysioterapeut/teamkoordinator er annonserte. Den eine stillinga er

Fysioterapeut / teamkoordinator for AiR digital

Teamkoordinatoren vil få ansvar for å organisere og drive AiR sitt tilbod i Oslo. Koordinatoren vil i tillegg til å bidra aktivt i utvikling av innhald til VR og digitale plattformer, ha ansvar for undervisning og rettleiing innan fysisk aktivitet, observasjonar, testar og koordinering med eksterne kontaktar, samt oppfølging av deltakarane sine rehabiliteringsplanar.

Me ser etter ein fysioterapeut med norsk autorisasjon og nokre års erfaring.

Alle som jobbar med AiR digital må ha

  • erfaring frå tverrfaglege arbeids- og helsetenester
  • interesse for og kompetanse innan utviklings- og innovasjonsarbeid
  • interesse for og helst kompetanse om digitale arbeids- eller helsetenester, og gjerne kjennskap til VR
  • evne til å leie seg sjølv, vere sjølvdrivande og i stand til å løyse og gjennomføre oppdrag
  • erfaring med å leie andre menneske, både i grupper og individuelt
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Arbeidsstaden vil vere sentralt i Oslo sentrum. Dei tilsette må rekne med kortare opphald i Rauland for opplæring og kompetanseutvikling.

Løn etter avtale.

Kontakt: Solveig Svardal 901 80 594 eller Åse Hylland 35 06 29 16

Søknadsfrist: 24. mai 2022

Tilsetting etter avtale, gjerne så snart som mogleg.

Om arbeidsgiveren

Rehabiliteringssenteret Air As, Haddlandsvegen 20, 3864 Rauland. Hjemmeside:https://www.rehabilitering.no Facebook:https://www.facebook.com/rehabiliteringssenteretair

Rehabiliteringssenteret AiR jobbar for å få menneske som har falle ut av arbeidslivet, står i fare for å gjere det eller aldri har kome inn, i arbeid, trass helseplager.

Senteret er eitt av landets mest spennande og innovative fagmiljø når det gjeld digitale helsetenester, og det leiande fagmiljøet i landet innan arbeidsretta rehabilitering, er ein del av spesialisthelsetenesta og jobbar tverrfagleg med eit heilheitleg perspektiv på helse og arbeid.

Ved klinikken vår i Rauland har me i løpet av 35 år hjelpt snart 25 000 menneske med samansette helseutfordringar.

Powered by Labrador CMS