Avtaleheimel for fysioterapeut 66,7%

Sveio kommune

Om stillingen:

Søknadsfrist: 10.12.2021.

Kontaktinfo: Tore Bøe Olsen, einingsleiar Helse- og rehabilitering, tlf. 974 10 814.

Søk på stillingen

Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

Avtaleheimel for fysioterapeut, 66,7%

Sveio kommune har ledig driftstilskot med 66,7% for fysioterapeut i privat praksis. Driftstilskotet er knytta til Albatross Fysioterapi, lokalisert på Albatross senter i Sveio sentrum. Albatross Fysioterapi er eit veldreve og godt innarbeid fysikalsk institutt, og har pr. dags dato 3 avtaleheimlar på 66,7% kvar.

Arbeidsoppgåver:

  • Gi eit ope allment fysioterapitilbod til befolkninga i Sveio kommune; individuelt og i grupper
  • Utøva kunnskapsbasert fysioterapi i tråd med planar, prioriteringar og utfordringar i den kommunale helsetenesta
  • Følga gjeldande prioriteringsnøkkel og samarbeida med øvrige fysioterapeutar, både private og kommunale om utvikling av fysioterapitenesta og fordeling av pasientar
  • Noko heimebehandling må påreknas

Kvalifikasjonar:

  • Fysioterapeut med norsk autorisasjon
  • Brei erfaring og kunnskap innan allmenn fysioterapi
  • Evne til å driva privat fysioterapipraksis med avtaleheimel
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar:

  • Engasjert og motivert for kontinuerleg fagleg oppdatering og utvikling
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Personleg dugleik blir særleg vektlagt

Anna:

Tildeling av og overdraging av avtaleheimelen skjer på vilkår som følgjer av ASA 4313

Alle søkere må legge ved relevante vitnemål, referanser og HPR- nr. Ved tildeling kreves det politiattest i henhold til Helse- og omsorgstjenestelovens § 5-4.

Oppgjer for praksisoverdraging/goodwill er kommunen uvedkommende, men forventas etterfulgt, og må avtalas direkte med heimelsinnehavar Jarle Ekrene Saltvedt (916 18 384)

Powered by Labrador CMS