Print

50% avtaleheimel for fysioterapeut i Voss herad

Voss - bygd for sterke opplevingar

Om stillingen:

Søknadsfrist: 29.12.2021

Vår ref.: 3025/21 JFS

Kontaktinfo: Ole Johnny Carlsen, fysioterapeut ved Sentrum fysioterapi, oljecar@hotmail.com, 977 67 151.

Silje Almeland, leiar for ergo/fysioterapiavdelinga, silje.almeland@voss.herad.no,
404 03 882.

John Fredrik Sletner, leiar for ergo/fysioterapiavdelinga, john.f.sletner@voss.herad.no,
477 18 988.

Søk på stillinga

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Heradet har om lag 15.800 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i heradet. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. På vanleg vossa-vis går me for å verta verdas beste herad!

50% ledig avtaleheimel for fysioterapeut

Voss herad har ledig ein 50% avtaleheimel lokalisert ved Sentrum fysioterapi Voss. Sentrum fysioterapi har 2,4 avtaleheimlar fordelt på fire fysioterapeutar. Lokale ligg i 2 etg. på Sverresplass. Lokale er lyst, triveleg og moderne. Tilgang til heis og rulletrapp. Totalt 250 m2 fordelt på fire behandlingsrom og stor og godt utstyrt treningssal. Det er godt lagt til rette for gruppetrening og individuell trening/behandling. Lokale er nært tilknytt Vossevangen legesenter, med felles pauserom. Vederlag for opparbeida praksis (goodwill) skal utbetalast til avtroppande fysioterapeut etter gjeldande regelverk i ASA 4313

Arbeidsoppgåver

  • Drifte eit aktivt fysioterapitilbod til heradets bebuarar.
  • Allmenn fysioterapi
  • Utøve pasientbehandling på institutt og om nødvendig i heimen.
  • Aktiv tilnærming til brukarane
  • Heilskapleg tenking i møte med brukarar
  • Tett samarbeid med spesialisthelsetenesta og resten av kommunehelsetenestaP
  • raksis skal utøvast i nært samarbeid med fysioterapeutar i heradet, ut frå gjeldande målgruppe, behandlingstilbod og ventelister.
  • Praksis skal drivast i samsvar med Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. og annan relevant helselovgjevnad, og på dei vilkår som fremjar av ASA 4313, slik den til ein kvar tid lyder.

Me søkjer

Fysioterapeut med norsk autorisasjon.

Fagleg kompetanse/erfaring:

  • Ynskje om brei fagleg kompetanse innan allmenn fysioterapi og aktiv rehabilitering
  • Evne til og, eller erfaring frå fysioterapi ved privat praksis
  • Kunne utføre dei arbeidsoppgåver som nemnt over og jobbe kontinuerleg med å auke si faglege kompetanse gjennom å halde seg fagleg oppdatert.

Personlege eigenskapar:

  • Du må væra fleksibel og føreseieleg, brukarorientert og systematisk og dessutan ha ein påliteleg arbeidsstil.
  • Du må ha evne til godt samarbeid og skape gode relasjonar i tilegg til å kunna arbeide sjølvstendig.
  • Du må ha interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid.
  • Du må ha gode norskkunnskapar og god samfunnskunnskap/-forståing.

Personlege eigenskapar vil verta vektlagt ved tildeling av avtaleheimel.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Avgjerslene i ASA 4313 er til ei kvar tid gjeldande.

Søknad

Søk på stillinga ved å klikke på "Søk på stillinga" i feltet oppe til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss herad, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Powered by Labrador CMS