Fysioterapeut
40% vikariat som fysioterapeut, avtaleheimel, Voss herad
Om stillinga:
Søknadsfrist: 29.03.2023.
Kontaktinfo: John Fredrik Sletner, tlf: 47718988
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer
medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla
seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med
oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka
tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid
tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester
skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg
meir på førebygging og tidleg innsats.
Om avtaleheimelen:
Voss herad
har ledig 40% vikariat i avtaleheimel lokalisert ved Granvin Fysikalske
Institutt. Pasientgruppa er variert både i alder og
problemstillingar. Avtaleheimelen er ledig frå 1.07.23 -
31.12.24. Heimelen er knytt til ein opptrappingsavtale i 100% heimel, der
nedtrappande fysioterapeut har 60% av heimelen og opptrappande 40% av heimelen.
Vikaren går inn for opptrappande fysioterapeut.
Om arbeidsstaden:
Vikaren skal
dele lokale med nedtrappande fysioterapeut og fordeler opningstider seg
imellom. Ved ynskje om pasientbehandling utanom opningstidene, kan ein lage ein
eigen avtale på dette.
Opningstidene på instituttet
er:
- Måndag 07.00 - 21.00
- Onsdag 07.00 - 21.00
- Fredag 07.00 - 19.30
Granvin Fysikalske Institutt har
store, romslege lokale fordelt over to plan. I fyrste etasje er det trinnfri
adkomst inn til stor treningsal med treningsapparat, Red Cord og Medisinsk
Treningsterapi. Instituttet har eit terapibasseng som kan brukast til
gruppetrening, individuell behandling og eigentrening. I andre etasje ligg
venterom og behandlingsrom, tilrettelagt for undersøking, samtalar og
individuell behandling på benk og slynge.
Arbeidsoppgåvene inneber:
- drifte eit aktivt fysioterapitilbod til kommunens bebuarar.
- allmenn fysioterapi
- utøve pasientbehandling på institutt og om nødvendig i heimen.
- aktiv tilnærming til brukarane
- gruppetrening i treningssal og i basseng etter behov.
- vidareføring av eksisterande gruppebehandling for til dømes Parkinson, fallførebygging, hjarte-lungerehabilitering, artrose, styrke og balansegrupper.
- heilskapleg tilnærming i møte med brukarar
- rettleiing til eigenmeistring og fysisk aktivitet
- tett samarbeid med spesialisthelsetenesta og resten av kommunehelsetenesta
- praksis skal utøvast i nært samarbeid med fysioterapeutar ved instituttet og i kommunen, ut frå gjeldande målgruppe, behandlingstilbod og ventelister.
- praksis skal drivast i samsvar med Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. og annan relevant helselovgiving, og på de vilkår som fremjar av ASA 4313, slik den til en kvar tid lyder.
Kvalifikasjonar
Utdanning
- krav om norsk autorisasjon som fysioterapeut
Fagleg kompetanse/erfaring
- ynskje om brei fagleg kompetanse innan allmenn fysioterapi og aktiv rehabilitering
- evne til, eller erfaring ved fysioterapi ved privat praksis
- kunne utføre dei arbeidsoppgåver som nemnt over og jobbe kontinuerleg med å auke sin faglege kompetanse gjennom å
- halde seg fagleg oppdatert.
- det er ynskjeleg med erfaring med aktiv og gruppebasert rehabilitering og behandling innan nevrologi, ortopedi og geriatri.
- det er ynskjeleg med erfaring frå idrettsskadar, livstilsendringar og samansette plager.
Personlege eigenskapar
- brukarorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil
- har evne til å arbeide sjølvstendig, med fokus på godt samarbeid og kommunikasjon.
- interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid
- gode norskkunnskapar og god samfunnskunnskap/-forståing
- personlege eigenskapar vil verta vektlagt med stor tyding ved tildeling av avtaleheimel.
Avgjerslene i
ASA 4313 er til ein kvar tid gjeldande.
Godkjent
politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me ynskjer
eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av
folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb
hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter
søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn,
alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar
søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om
søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta
oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert
teken til fylgje.
Ver vennleg
og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.