
50 % driftsavtale psykomotorisk fysioterapeut barn/unge og vaksne
Vestnes kommune
Det er ledig 50 % driftsavtale for psykomotorisk fysioterapeut frå snarast.
Lokalitetar
Fysioterapeuten er samlokalisert med 2 kommunefysioterapeutar, 1 privat fysioterapeutstilling med driftsavtale, ergoterapeut og fotterapeut på Aktivitetssenteret på Helland. Aktivitetssenteret inneheld godt tilrettelagde lokalitetar, ligg i nærleiken av nytt helsehus - Stella Maris med legesenter, institusjon, heimetenester, kafeteria og bibliotek. Helsestasjon og rådhus nært ved.
Kompetansekrav
Det er krav om norsk autorisasjon som fysioterapeut og ønskeleg med godkjent vidareutdanning innan psykomotorisk fysioterapi eller er under utdanning til psykomotisk fysioterapeut.
Avtalen er regulert etter ASA nr. 4313, slik den til ein kvar tid lyder.
Slik søker du:
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkarlista kan bli offentleggjort.
Vestnes kommune
Vestnes kommune ligg sentralt i Møre og Romsdal fylke. Kort reisetid til byane Molde, Åndalsnes og Ålesund.
Vestnes har eit rikt og variert organisasjons- og kulturliv og har mykje å by på for den som er interessert i friluftsliv og natur.
Vestnes kommune er ein arbeidsgjevar som er «midt i blinken» for tilsette som vil arbeide i ein fremtidsretta og utviklingsorientert organisasjon. Saman skal vi utvikle betre tenester som er enkle å bruke. Kommunen har fokus på å nytte digitale verktøy og deltek i det interkommunale samarbeidet ROR-IKT.
www.vestnes.kommune.no