Det er ledig fysioterapipraksis frå 01.04.2021 med 100 % kommunal driftsavtale

ID 1635 Fysioterapipraksis

Om stillingen:

Søknadsfrist: 01.11.20.

Nærare opplysningar:

Noverande eigar Hildegunn Steinsvåg, tlf 53 41 44 94 / [email protected] eller kommunalsjef Knut J. Gram, E-post: [email protected] eller tlf. 53 49 66 00 (sentralbord).

Nettsted: https://www.stord.kommune.no

Stord er ein industrikommune i Hordaland med vel 18 000 innbyggjarar. Kommunen er kommunikasjons- og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Me har flyplass med flygingar til m.a. Oslo. Kommunen er landfast mot sør gjennom Trekantsambandet. Skuleverket er godt utbygd med m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for Sunnhordland. Me har eit rikt kulturliv med nærare 300 organisasjonar og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv.

Det er ledig fysioterapipraksis frå 01.04.2021 med 100 % kommunal driftsavtale.

Den ledige avtaleheimelen er knytt til Stord Fysioterapi, ein gruppepraksis med 3 fulle avtaleheimlar. Instituttet er sentralt plassert ved Torget på Leirvik og har eit areal på totalt 283 m2 med fasilitetar for trening- og rehabilitering, både individuelt og i grupper. Pasientlista er variert og representerer eit bredt spekter av diagnosar.

Verksemda må vera med på å gje eit heilskapleg tilbod til folk i kommunen. Heimelen skal drivast etter gjeldande lovverk, avtaleverk for fysioterapeutar og planar som vert utvikla for Stord kommune.

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Kompetanse innan allmenn fysioterapi og ønskje om å jobbe med varierte pasientgrupper og diagnosar, mellom anna nevrologi, revmatologi, ortopedi, geriatri, rehabilitering og samansett smerteproblematikk.
  • Kompetanse og erfaring innan undersøking og utredning, behandling med fokus på aktiv tilnærming både individuelt og i gruppe, rehabilitering og førebyggjande tiltak, samt rettleiing og opplæring.

Vi ønskjer ein fysioterapeut som:

  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner med pasientar, fagfellar og samarbeidspartnarar utanfor instituttet.
  • Evnar å jobbe sjølvstendig, samt som del av ein gruppepraksis med felles drift, inkludert administrative arbeidsoppgåver.
  • Har interesse for fagleg utvikling, både personleg og for å utvide klinikken og kommunen sitt behandlingstilbod.
  • ·Ønskjer å jobbe med ei aktiv tilnærming og kan legge opp individuelt tilpassa behandlingsforløp.
  • Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.

Personleg eignaheit vil vektleggjast.

Overtaking skal følgja Rammeavtalen ASA 4313. Det må leggjast fram politiattest ved oppstart.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar hjå noverande eigar Hildegunn Steinsvåg tlf 53 41 44 94 / [email protected] eller kommunalsjef Knut J. Gram E-post: [email protected] eller tlf. 53 49 66 00 (sentralbord).

Søknadsfrist:01.11.20