Driftstilskot fysioterapeut

Om stillingen:

Søknadsfrist: 04. mai 2024

Kontaktinfo: Marita Brandsøy Lystad, tlf: +47 57 02 12 77, mob: +47 952 23 424

Søk på stillingen

Sunnfjord kommune har 22 500 innbyggarar, og ligg i Vestland fylke. Eining fysio/ergoterapi har 22 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadane Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar, og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel.

Sunnfjord kommune har og 7 driftsheimlar for privatpraktiserande fysioterapeutar, fordelt på fire ulike institutt i Førde. Fysioterapeutar med kommunal driftsavtale yter fysioterapi som ein del av kommunen sitt totale fysioterapitilbod og helseteneste. Vi har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte fagpersonar.

Sunnfjord kommune har ledig eitt 100 % driftstilskot for fysioterapeut, frå 01.08.24.

Driftstilskotet er lokalisert ved Centrum fysioterapi i Førde, og er ein solopraksis.

Tildeling og overdraging vil skje i henhald til ASA 4313. Driftsavtalen vert også regulert av den til ei kvar tid tid gjeldande ASA 4313. Praksisen skal drives etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeuter med kommunal driftsavtale, ASA 4313 og kommunens planverk for helse- og omsorgstjenester.

Arbeidsoppgåver:

Ny avtalefysioterapeut skal utøve fysioterapipraksis som følger relevant helselovverk, og på dei vilkår som kjem fram av ASA 4313. Dette medfører kunnskapsbasert undersøking og vurdering, individuell- og gruppebehandling, samt rehabilitering. Fysioterapeuten skal ha eit ope behandlingstilbod til innbyggarane, og kunne tilby oppfølging av alle aldersgrupper. Det må vere eit tett samarbeid med andre aktuelle instansar, og pasienten må følgast på dei arenaer som er nødvendig for eit godt og heilskapleg pasientforløp. Kommunen er praksisarena, og det vert derfor oppfordra til å rettleie fysioterapistudentar i praksis. Det vert også forventa at fysioterapeuten bidreg til utvikling av fysioterapitenesta i Sunnfjord kommune

Kvalifikasjonskrav:

  • norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande nivå B2 eller betre
  • kompetanse og brei erfaring innan allmenn fysioterapi, spesielt til eldre pasientar
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • ha tverrfagleg kompetanse og evne til samhandling med andre
  • heilskapleg rehabiliteringsperspektiv, og kompetanse og erfaring innan aktiv rehabilitering og treningsterapi
  • gyldig politiattest som ikkje er eldre enn tre månader

Det er ønskeleg at du:

  • har vidareutdanning med kompetanse og interesse innanfor nevrologi og geriatri, med det er ikkje eit krav til stillinga
  • har faglege kvalifikasjonar, vidareutdanning og kurs med relevant fagkompetanse vert lagt vekt på
  • har erfaring og kunnskap om å drive sjølvstendig næringsdrivande fysioterapipraksis
  • kan gjere greie for samla erfaring og kompetanse, eigne fysioterapifaglege interesseområder og planar for vidare fagleg utvikling
  • har førarkort klasse B
  • har god kjennskap til kommunehelsetenesta, og til relevant lovverk og nasjonale føringa

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar!

Powered by Labrador CMS