Stord kommune
Fysioterapipraksis 100% med driftstilskot
Sagvåg Fysikalske Institutt
Kommunen har vel 19 000 innbyggjarar. Det
er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt
kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur
med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivelege opplevingar og aktivitetar
ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og
skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og
førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er
lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland. Me har eit rikt
kulturliv med nærare 300 organisasjonar og det er gode vilkår for idretts- og
friluftsliv.
Fysioterapiteneste i Stord kommune består
av kommunalt tilsett fysioterapeutar og private fysioterapeutar med
driftsavtale. Det er ledig fysioterapipraksis frå 01.07.23 med 100 % kommunal
driftsavtale.
Sagvåg Fysikalske Institutt har blitt drifta
av innehavar i Sagvåg i 33 år som solopraksis, dei siste 25 år frå noverande
adresse i Sagvågsbrekko 22 i sentrum av Sagvåg. Bygget er tilrettelagt for
drift av fysikalsk institutt, har lett tilgjengelegheit med buss, ligger på
bakkenivå med gode parkerings moglegheiter. Instituttet har 2 store
behandlingsrom, treningssal med diverse utstyr, ekspedisjon og avskilt venterom,
toalett/dusj og privat kontor. Det er god pasient tilgang frå hele kommunen og
nabo kommunane med overvekt av pasientar frå bydelen Sagvåg med omkrins.
Verksemda må vera med på å gje eit
heilskapleg tilbod til folk i kommunen. Heimelen skal drivast etter gjeldande
lovverk, avtaleverk for fysioterapeutar og planar som vert utvikla for Stord
kommune.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Fagleg kompetanse, erfaring og interesse innan generell
fysioterapi
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Overtaking skal følgja Rammeavtalen ASA
4313. Det må leggjast fram politiattest ved oppstart. Dersom søkjar ynskjer å
verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om
søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta
oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje
vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar hjå noverande eigar
Joost Lommelaars T. 53494572, e-post: sagvaagfysikalske@gmail.com, kommunalsjef
Anne Karin Fossdal, e-post: anne.karin.fossdal@stord.kommune.no
eller kommuneoverlege Petra Turet Olsen,e-post: petra.turet.olsen@stord.kommune.no
eller tlf. 53496600 (sentralbord).
Søknadsfrist: 01.02.2023
Søknadslenke: Søk på stillingen