Fysioterapipraksis 50% vikariat med driftstilskot

Stord kommune

Om stillingen:

Søknadsfrist: 04.06.2023

Kontaktinfo:

Joe Greenshields, tlf. 45402511,
E-post: bygnesfysio@hotmail.com, kommunalsjef Anne Karin Fossdal E-post: anne.karin.fossdal@
stord.kommune.no
, eller kommuneoverlege Petra Turet Olsen E-post: petra.turet.olsen@

stord.kommune.no eller tlf. 53496600 (sentralbord).

Søk på stillingen

Fysioterapiteneste i Stord kommune består av kommunalt tilsett fysioterapeutar og private fysioterapeutar med driftsavtale.

Stord kommune har ledig 50 % vikariat driftsavtale fysioterapi, lokalisert v/Stord Fysioterapi.

Stord Fysioterapi er ein gruppepraksis med 3 fulle avtaleheimlar. Instituttet er sentralt plassert ved Torget på Leirvik og har eit areal på totalt 283 m2 med fasilitetar for trening- og rehabilitering, både individuelt og i grupper. Pasientlista er variert og representerer eit bredt spekter av diagnosar.

Vikariatet er ledig primært f.o.m. 01.07.2023 t.o.m. 30.06.2025, eventuelt kan det diskuterast 1 års vikariat med moglegheit for forlenging.

Praksisen skal drivast i.h.t.. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester, anna relevant helselovgiving og på dei vilkår som framkjem av ASA 4313 slik den til ei kvar tid lyder.

Vikarar i avtaleheimel har rett til trygderefusjon etter refusjonsforskriften i perioden vikariatet pågår. Refusjonsretten er begrensa slik at vikar og praksisinnehavar ikkje kan krevje refusjon for behandlingar utført til same tidspunkt, dvs. arbeidstida for vikaren skal avtalast med avtaleinnehaveren.

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Fagleg kompetanse, erfaring og interesse innan generell fysioterapi
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Eventuell erfaring frå privat praksis er ein fordel.
  • Personlege eigenskapar vil vektlegge.

Det må leggjast fram politiattest ved oppstart.

Vi ønskjer ein fysioterapeut som:

  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner med pasientar, fagfellar og samarbeidspartnarar utanfor instituttet.
  • Evnar å jobbe sjølvstendig, samt som del av ein gruppepraksis med felles drift, inkludert administrative arbeidsoppgåver.
  • Har interesse for fagleg utvikling, både personleg og for å utvide klinikken og kommunen sitt behandlingstilbod.
  • Ønskjer å jobbe med ei aktiv tilnærming og kan legge opp individuelt tilpassa behandlingsforløp.
  • Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.

Personleg eignaheit vil vektleggjast.

Det må leggjast fram politiattest ved oppstart.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar hjå Joe Greenshields T. 45402511, E-post: bygnesfysio@hotmail.com, kommunalsjef Anne Karin Fossdal E-post: anne.karin.fossdal@stord.kommune.no, eller kommuneoverlege Petra Turet Olsen E-post: petra.turet.olsen@stord.kommune.no eller tlf. 53496600 (sentralbord).

Powered by Labrador CMS