Ledig driftstilskot, fysioterapeut 100 %

Surnadal kommune har ledig fast 100 % avtaleheimel for fysioterapeut (36 timer pr. veke) frå 01.07.2021 eller etter avtale.

Om stillingen:

Søknadsfrist: 21.12.2020

Søk på stillingen

Kontaktpersoner:

Einingsleiar Gunn Bredesen,

tlf 481 22 549, epost: [email protected]

Leiande fysioterapeut Oddveig Resell, tlf 482 02 652, epost: [email protected]

Avtaleheimelen er regulert av gjeldande «Rammeavtale mellom KS og NFF, NMF og PFF om drift av selvstendig næringsdrivendes fysioterapivirksomhet» (ASA 4313).

Fysioterapitenesta i Surnadal kommune består av 4 x 100 % fastlønte (kommunale) stillingar , 100% turnusfysioterapeutstilling og 100% sjølvstendig næringsdrivande fysioterapeut med driftsavtale, fordelt på 1 avtaleheimel.

Plassering Fysioterapeut med driftsavtale er lokalisert i Lunds fysioterapi sine lokaler, Røssmovegen 16, 6650 Surnadal.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut.
  • Erfaring frå privat praksis er ein fordel.
  • Gode skriftlige og munnlege norskkunnskapar samt kjennskap til norsk helsevesen.
  • Drive kunnskapsbasert fysioterapi og halde seg fagleg oppdatert.
  • Fleksibilitet - kunne innrette drifta etter dei pasientgruppane som kommunen og lovverket prioriterer.
  • Evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og i tverrfaglege team.
  • Interesse for å bidra til langsiktig utvikling av fysioterapitenesta i tråd med det øvrige fysioterapi- og helsetenestetilbodet i kommunen.
  • Klinisk erfaring og kompetanse innan allmenn fysioterapi, undersøking, funksjonsvurdering, aktiv behandling og rehabilitering vil bli vektlagd.
  • Førerkort kl B.

Ved tildeling av avtaleheimelen vil det etter ei samla vurdering bli lagt vekt på fagleg kompetanse, samarbeidsevne og personleg eignaheit. Politiattest, ikkje eldre enn 3 månader vil bli krevd fremlagt før oppstart. Avtaleheimelen er regulert av den til ei kvar tid gjeldande ASA 4313 (rammeavtale mellom KS og NFF om drift av privat fysioterapivirksomhet som del av kommunal helsetjeneste). Det er ein føresetnad at avtaleheimmelen har eit ope tilbod til heile befolkninga.

Kommunen kan styre delar av drifta inn mot prioriterte pasientgrupper i medhald av ASA 4313. Heimebehandling/ oppfølging i pasienten sin heim vil være aktuelt.