Fysioterapeut, 180% stilling, fast

2 faste stillingar, ein på 80% og ein på 100% i Voss herad

Voss - bygd for sterke opplevingar

Om stillingen:

Søknadsfrist: 28.12.2020

Søk på stillingen

Kontaktperson: John Fredrik Sletner, Leiar for ergo/fysioterapi avdelinga, tlf: 477 18 988,

john.f.sletner@voss.herad.no

Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på!

Kommunen har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.

Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.

Voss herad har ledig to fysioterapistillingar i ergo og fysioterapiavdelinga som er organisert under avdeling for førebygging og rehabilitering. Desse to stillingane vil i hovudsak være tilknytt kvardagsrehabilitering og rehabiliteringsavdelinga, men arbeidsoppgåver kan endrast etter behov. Deler av stillinga kan bli gitt til intern oppauke for terapeutar som går deltid. Det er ynskjeleg at du skriv i søknadsteksten om du ynskjer primært 100% og/eller om du er open for å arbeide deltid.

Om arbeidsstaden

Ergo/fysioterapiavdelinga og rehabiliteringsavdelinga ligg på Hagahaugen i lyse trivelege omgjevnader.

Rehabiliteringsavdelinga er på noverande tidspunkt flytta til Voss sjukeheim grunna Covid-19. Kvardagsrehabilitering gjennomførast i brukaren sin heim. Ergo/fysioterapiavdelinga har tilsett sju fysioterapeutar og fem ergoterapeutar og ein turnusfysioterapeut. Rehabiliteringsavdelinga har totalt åtte sengeplassar. Du vil jobbe tverrfagleg med dei andre yrkesgruppene på rehabiliteringsavdelinga og i heimetenesta.

Arbeidsoppgåver

  • Drifte kvardagsrehabilitering saman med ergoterapeut og være bindeledd mellom ergo/fysioterapitenesta og heimetenesta i kvardagsrehabilitering.
  • Vera fysioterapeut for innleggjande pasientar på rehabiliteringsavdelinga og jobbe tverrfagleg og tett med andre fagpersonar for å gje brukare eit best mogleg rehabiliteringsopphald.
  • Vurdering av brukarar for rehabilitering.
  • Oppfølging av pasientar gjennom undersøking/testing, treningsrettleiing og behandling
  • Tilrettelegging og motivering for fysisk aktivitet individuelt og i gruppe
  • Undervisning av helsepersonell til dømes på fagdagar og internundervisning.
  • I samarbeid med det tverrfaglege teamet sjå til at både utgreiing og tiltak er ein integrert del av heile rehabiliteringsprosessen og halde deg oppdatert på pasienten sine mål i rehabiliteringsplanen
  • Bidra aktivt i endringsprosessar og medverke til utvikling av tenesta
  • Samarbeide med relevante eksterne samarbeidspartnarar
  • Jobbe med kunnskapsbasert praksis.
  • Vera delaktig i og drifte eit aktivt og velfungerande fysioterapitilbod i heradet.
  • Praksis skal utøvast i nært samarbeid med dei andre fysioterapeutane, og anna helsepersonell i heradet, ut frå gjeldande målgruppe, behandlingstilbod og ventelister

Endring i fysioterapioppgåver må kunne påreknast etter prioritering og endring av tenestetilbod.

Ved pandemiutbrot som Covid 19 må ein kunna påreknast andre helsefaglege arbeidsoppgåver.

Me søkjer

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent fysioterapeut med autorisasjon jfr. helsepersonellova
  • Det er ynskjeleg med brei fagleg kompetanse innan allmenn fysioterapi.
  • Det er ynskjeleg med erfaring innan nevrologi og muskel/skjelett.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå rehabilitering og/eller kvardagsrehabilitering
  • Det er ynskjeleg med erfaring som fysioterapeut frå kommunehelsetenesta, og/eller rehabiliteringsinstitusjonar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Sterkt ynskje om førarkort klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Ein fleksibel og lojal terapeut ovanfor kollega, brukar og arbeidsgjevar
  • Evner å arbeide sjølvstendig og i team
  • God evne til samarbeid og kommunikasjon
  • Brukarorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil.
  • Er ansvarsbevisst og strukturert
  • Har interesse for å utvikle ein kunnskapsbasert fysioterapiteneste i tråd med gjeldande lovverk, reformar, planar og utfordringar i heradets helseteneste
  • Personleg eigenskapar vil tilleggas avgjerande vekt.
  • Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga

Me tilbyr

- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø

- gode forsikrings- og pensjonsordningar

- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje.

Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss herad, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Søknadsfrist: 28.12.2020

Utlyst dato: 01.12.2020

Vårref: 2704

Kontaktperson: John Fredrik Sletner, Leiar for ergo/fysioterapi avdelinga, tlf: 47718988, mobil: 47718988, john.f.sletner@voss.herad.no

Powered by Labrador CMS