Kommunefysioterapeut - 100% fast

Fyresdal kommune, 2. gongs utlysing

Om stillinga:

Søknadsfrist: 18.09.2022.

Kontaktinfo: kommunefysio-terapeut Bente Momrak på bente.momrak@fyresdal.
kommune.no
eller 970 97 217, eller avdelingsleiar helse Anne Veum på anne.veum@fyresdal.
kommune.no
, 350 67 311 eller 951 77 421.

Søk på stillinga

Kommunens slagord er «Gjer draumen levande», og dette ser ein att i tilboda til både innbyggarar og tilsette. Saman er vi rause, respektfulle, omtenksame, inkluderande og stolte. Fyresdal er ein kommune i Vest-Telemark med omlag 1200 innbyggarar. Kommunen har som mål å vere handlekraftig og finne fleksible løysingar. Her er det godt å bu og virke, og saman leverer vi svært gode tenester til innbyggarane våre.

Fyresdal kommune søker kommunefysioterapeut i 100 % fast stilling frå 01.10.2022.

Kommunens fysioterapeutar er organisert under avdeling helse og lokalisert på pleie- og omsorgsenteret. Fysioterapiavdelinga er stor og velutstyrt og vi nyttar journalsystemet Infodoc. Det samla fagmiljøet består av kommuneoverlege, kommunelege, LIS1-lege, sjukepleiarar, helsesekretær, helsesjukepleiar, fagansvarleg psykiatri og rus (psykiatrisk sjukepleiar), psykiatrisk hjelpepleiar, 2 fysioterapeutar, ergoteapeut og avdelingsleiar. Kommunens tenestekontor og tannlegekontor held også til i same bygg. Jordmor og psykolog er knytt opp mot tenesta i form av interkommunalt samarbeid. Frivilligsentralen er også organisert under avdelingsleiar helse. Vi søker etter ein fysioterapeut som er oppteken av kvalitet og utvikling av tenesta til beste for brukarane. Du må ha gode samarbeidsevner og interesse for helseførebygging for alle aldersgrupper.

Arbeidsoppgåver:

  • Opptrening og behandling av pasientar på fysioterapiavdelinga, på sjukeheim og brukarar i heimen/heimebesøk.
  • Helsestasjon, barnehage og skulehelseteneste.
  • Treningsgrupper.
  • Hjelpemiddelformidling.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Bidra aktivt i fag- og tenesteutvikling.
  • Dokumentasjon i elektronisk fagprogram.

Den som blir tilsett har store moglegheiter til å sjølv påverke stillinga, både i høve til arbeidstid og organisering.

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som fysioterapeut.

Vi ynskjer at du har:

  • Kunnskap om og erfaring frå kommunefysioterapi.
  • Interesse for og erfaring med behandling og førebygging i høve til barn og unge.

Vi søker ein person som:

  • Er utviklingsorientert, handlekraftig og sjølvgåande.
  • Har gode samarbeidsevner.
  • Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert.
  • Har evne til å jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid.
  • Har stor arbeidskapasietet.
  • Bidreg til delingskultur og godt arbeidsmiljø.
  • Likar utfordringar.
  • Har brukar i fokus.
  • Beherskar norsk både skriftleg og munnleg.
  • Har gode IT-kunnskapar.

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr:

  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
  • 36 timars arbeidsveke.
  • Hjelp til å skaffe bustad.
  • Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
  • Barnehageplass frå dag ein i kommunen.
  • Barnehage og skule er lokalisert i sentrum.

Tilsettingsvilkår:

  • Tilsetting skjer på dei vilkår som til ei kvar til går fram av gjeldande lovar, reglar og tariffavtaler, mellom anna 6 månadar prøvetid.
  • Ved tilsetting blir det stilt krav om politiattest.
  • Den som blir tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil.

Kontaktperson ved spørsmål:

Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunefysioterapeut Bente Momrak på bente.momrak@fyresdal.kommune.no eller 970 97 217, eller avdelingsleiar helse Anne Veum på anne.veum@fyresdal.kommune.no, 350 67 311 eller 951 77 421.

Søknadsfrist:

Søknadsfrist for stillinga er 18.09.2022.

Velkomen som søkar!

Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut komplett med både utdanning og praksis. Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25. Attester og vitnemål vil bli etterspurt ved behov.

Powered by Labrador CMS