Fysioterapeut 50 % driftsavtale - Øystre slidre kommune
Øystre Slidre kommune har ledig avtale om driftstilskot for privatpraktiserande fysioterapeut, 50 % fast stilling i gruppepraksis.
Driftsavtalen blir regulert av den til ei kvar tid gjeldande ASA 4313. Tildeling av avtaleheimel skjer i samsvar med ASA 4313 og er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Praksisen skal drivast etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester, forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale og kommunen sitt planverk for helse- og omsorgstenester.
Stillingsstorleiken er totalt 87,5 %, og på grunn av nedtrappingsplan er det ledig 50 % frå og med 01.01.2026. Etter gjeldande regelverk vil personen som får stillinga ha fortrinnsrett til dei resterande 37,5 % ved fråtreding. Frå hausten 2026 er det i tillegg mogleg med vikariat på 30 % inntil nedtrappingsplanen er fullført.
Stillinga er lokalisert ved Øystre Slidre Fysioterapi på Heggenes, sentralt i kommunen. Klinikken består elles av to fysioterapeutar med driftsavtale; ei stilling på 50 % og ei på 30 %. Øystre Slidre Fysioterapi deler eit godt utstyrt treningsrom med Frisklivssentralen, som ligg i same lokale. I same bygg ligg legekontoret. Næraste nabo er Øystre Slidre helsetun, der den kommunale fysio- og ergoterapitenesta har base. Fysioterapiinstituttet er godt etablert med god pasienttilgang.
Arbeidsoppgåver
- Praksisen skal drivast i samsvar med helse- og omsorgstenestelova og avtaleverk for fysioterapeutar (ASA 4303 og 4313)
- Utøve allmenn fysioterapi i tråd med kommunen sine gjeldande prioriteringar
- Ved behov skal brukarar få tilbod om fysioterapi i eigen heim/på eigen arena
- Delta i tverrfagleg samarbeid og på samarbeidsmøte med fysioterapeutar og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Krav til Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Krav til allsidig erfaring med pasientar med ledd-, muskel- og skjelettplager
- Ønskjeleg med master i nevrologi, manuellterapi eller klinisk fysioterapi
- Ønskjeleg med erfaring frå drift av privat praksis
- Ønskjeleg med gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Ønskjeleg med god kunnskap om ASA 4313 og forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar:
- Evne til å jobbe sjølvstendig, imøtekomande og empatisk i møte med pasientar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fagleg trygg, audmjuk og open for di rolle i tverrfagleg samarbeid
- Fagleg engasjert og motivert for kontinuerleg oppdatering og utvikling
- Ynskje om å bidra til utvikling av fysioterapitenesta i kommunen
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø i ein liten gruppepraksis
- Tett samarbeid med kommunal fysio- og ergoterapiteneste
- Godt opparbeidd pasienttilgang
- Ein variert, utfordrande og spennande arbeidsdag
Intervju blir planlagt gjennomført i veke 6.
Krav til vandelsdokumentasjon
Det er krav om politiattest som ikkje er eldre enn tre månader, i samsvar med helsepersonellova § 20 A første ledd.
Krav til kompetansedokumentasjon
Det er krav om dokumentasjon og vitnemål frå tidlegare arbeidserfaring og utdanning. Vitnemål og attestar skal lastast opp som ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Offentleggjering av søkarlister
Søkarlister er offentlege jf.
offentleglova § 25. Dersom du ikkje ønskjer at søknaden din skal bli
offentleggjort, må du grunngje dette i søknadsprosessen. Skulle grunngjevinga
di ikkje bli teken til følgje, vil du få moglegheit til å trekkje søknaden din
før søkarlista blir utarbeidd.
Stad: Heggenes
Stillingstittel: Fysioterapeut 50 % driftsavtale
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Stillingsprosent: 50
Startdato: Snarast