Fysioterapeut - 50% driftsavtale

Øystre Slidre kommune

Om stillingen:

Søknadsfrist: 10. mars 2024

Kontaktinformasjon: Marie Bjørneseth Storrusten,
Avdelingsleiar, telefon: 932 30 895

Søk på stillingen!

Øystre Slidre kommune har ledig 50% stilling som fysioterapeut med driftsavtale. Det er moglegheit for å arbeide meir enn den utlyste stillinga ved klinikken. Stillinga er ledig frå 01.06.2024. Stillinga med driftstilskot har også ein rett til ytterlegare 30% når ein av fysioterapeutane går av med pensjon.

Stillinga med driftstilskot er lokalisert ved Øystre Slidre Fysioterapi på Heggenes, sentralt i kommunen. Klinikken består av 2 fysioterapeutar med driftsavtale; ei stilling på 87,5% og ei på 30%. Øystre Slidre fysioterapi deler eit godt utstyrt treningsrom med Frisklivssentralen som er i same lokale. I same bygg ligg legekontoret. Næraste nabo er Øystre Slidre helsetun – der den kommunale fysio- og ergoterapitenesta har base. Fysioterapiinstituttet er godt etablert med god pasienttilgang.

Arbeidsoppgåver

  •  Utøve allmenn fysioterapi i samsvar med kommunen sine gjeldande prioriteringar
  •  Ved behov skal brukarar få tilbod om fysioterapi i sin eigen heim/på sin arena
  •  Delta i tverrfagleg samarbeid og på samarbeidsmøter med fysioterapeutar og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  •  Fysioterapeut med norsk autorisasjon
  •  Ønskeleg med fysioterapiretta vidareutdanning og/eller mastergrad i nevrologi er ein fordel
  •  Kompetanse og erfaring innan allmenn fysioterapi er ein fordel
  •  Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  •  Erfaring med tverrfagleg samarbeid
  •  God kunnskap om lov om kommunale helse- og omsorgstenester og annan relevant helselovgiving
  •  God kunnskap om ASA 4313 og Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale
  •  Førarkort

Personlege eigenskapar

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar

  •  Evne til å jobbe sjølvstendig, imøtekomande og empatisk i møte med pasientar
  •  Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  •  Fagleg trygg, audmjuk og åpen for din rolle i tverrfagleg samarbeid
  •  Fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver og endringar
  •  Fagleg engasjert og motivert for kontinuerleg oppdatering og utvikling
  •  Ynskje å bidra til utvikling av fysioterapitenesta i kommunen

Vi tilbyr

  •  Godt arbeidsmiljø i ein liten gruppepraksis
  •  Tett samarbeid med kommunal fysio- og ergoterapiteneste
  •  Godt opparbeida pasienttilgang
    • Intervju er planlagt gjennomført utført i veke 12.

      Driftsavtala blir regulert av den til ei kvar tid gjeldande ASA 4313.

      Praksisen skal drivast etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester, Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeuter med kommunal driftsavtale, ASA 4313 og kommunen sitt planverk for helse- og omsorgstenester.

      Det er krav om politiattest som ikkje er eldre enn tre månader i samsvar med helsepersonell loven §20A fyrste ledd

 

Powered by Labrador CMS