Fysioterapeut med driftstilskot

Om stillingen:

Søknadsfrist: 22. februar

Søk på stillingen

Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune

Haram kommune har ledig 100 % driftsavtale for fysioterapeut frå 01.06.2026. Heimelen er knytt til Apeks Fysioterapi AS, og praksisen skal drivast frå desse lokala med adresse: Apeks Fysioterapi AS, Slyngstadvegen 4, 6264 Tennfjord. Fysioterapiheimelen skal driftast som eit enkeltpersonforetak. Tiltredande fysioterapeut vil inngå ein leigeavtale med klinikken, med moglegheit for innkjøp på sikt.

Apeks fysioterapi er ein veletablert klinikk som starta opp i 2010, med god tilgang på pasientar. Klinikken har lett tilkomst og gratis parkering. Klinikken blir drive som eit AS, er knytt til Norsk Helsenett og nyttar Physica som journalsystem. Klinikken har to 100% heimlar og har ein stor andel av ortopediske pasienter. Apeks fysioterapi flytta inn i nyoppussa og moderne lokale hausten 2024. Lokala som er universelt utforma, inneheld fire behandlingsrom, areal for kondisjonstrening/oppvarming, MTT-del og ein treningssal. Driftsavtalen inngår i eit dødsbu, og økonomisk oppgjer (goodwill) blir avklart med etterlatte.

Fysioterapeuten skal drifte praksisen i samsvar med relevant helselovgiving og den til kvar tid gjeldande ASA 4313. Tilfredstillande politiattest må leverast før oppstart, i henhold til gjeldande regelverk.

 

Søknadsfrist 22. februar

Meir om stillinga: Ledige stillingar hos Haram kommune

Powered by Labrador CMS