
Fysioterapipraksis 50% med driftstilskot
Fysioterapiteneste i Stord kommune består av kommunalt tilsett fysioterapeutar og private fysioterapeutar med driftsavtale.
Stord kommune har ledig 50 % driftsavtale fysioterapi, lokalisert v/Stord Fysioterapi. Avtaleheimelen er ledig frå 21.04.2025.
Stord Fysioterapi er ein gruppepraksis med 3 avtaleheimlar. Instituttet er sentralt plassert ved Torget på Leirvik og har eit areal på totalt 283 m2 med fasilitetar for trening- og rehabilitering, både individuelt og i grupper. Pasientlista er variert og representerer eit bredt spekter av diagnosar.
Kommunen har ei mangfaldig befolkning og målsetjinga vår er å legge til rette for at flest mogeleg skal ha eit aktivt liv, og vera sjølvstendige i kvardagen. På bakgrunn av dette søkjer me ein engasjert fysioterapeut som ønskjer å jobbe med allmenn fysioterapi og som legg vekt på aktive behandlingsstrategiar.
Vedkomande må vere villig til å kjøpe seg inn i klinikken sitt felles aksjeselskap, som inneber eigarskap av utstyr, lisensar og leigeavtaler i samsvar til ASA 4313. Stord Fysioterapi nyttar journalsystemet Physica og er tilknytt Norsk Helsenett. For meir informasjon, sjå nettsida: www.stordfysioterapi.no
Praksisen skal drivast i.h.t. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester, anna relevant helselovgiving og på dei vilkår som framkjem av ASA 4313 slik den til ei kvar tid lyder. Fysioterapeut med avtaleheimel har rett til trygderefusjon etter refusjonsforskriften.
Arbeidsoppgåver:
Å ha eit ope fysioterapitilbod til befolkninga. Pasientgruppa er svært variert og dekkjer dei fleste fagområde innan fysioterapi, for både ungdom, vaksne og eldre personar.
Å driva kunnskapsbasert fysioterapi etter "Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale" og berre nytte behandlingsformer som er akseptert av helsemyndigheitene, jf. Takstføreskrifta.
Arbeidet omfattar klinisk undersøking og individuell tilpassing av behandling- og rehabiliteringsopplegg, eventuelt førebyggjande tiltak, avhengig av brukarane sine behov.
Behandling skal hovudsakleg skje på instituttet, men kan og ved behov førekomme i heimen til pasientar, samt på andre arenaer som er nødvendige for god og heilskapleg behandling.
Fysioterapeuten skal vera ein aktiv bidragsytar i utvikling av Fysio-/ergoterapitenesta i kommunen. Dette inneber at ein blant anna deltek på felles møter for fysioterapeutane i kommunen, og at ein jobbar målretta for å halde ventelistene nede.
Vi ønskjer ein fysioterapeut som:
Evnar å jobbe sjølvstendig, samt som ein del av ein gruppepraksis med felles drift, inkludert administrative arbeidsoppgåver.
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner med pasientar, og samarbeidspartnarar både i og utanfor instituttet.
Har interesse for fagleg utvikling, både personleg og for å utvide klinikken og kommunen sitt behandlingstilbod.
Ønskjer å jobbe med ei aktiv tilnærming og kan legge opp individuelt tilpassa behandlingsforløp, med mål at brukarane skal bu lengst mogleg heime med ein aktiv kvardag
Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar:
Norsk autorisasjon som fysioterapeut og HPR-nummer registrert i CV-en
Etterutdanning, vidareutdanning eller kursing innan dei mest relevante fagfelta og problemstillingane ein møter i privat praksis vil vera ei føremon.
Kompetanse innan allmenn fysioterapi og muskel-skjelett-problematikk, med fokus på heilskaplege og aktive behandlingsstrategiar blir vektlagt.
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
Lang og relevant klinisk yrkeserfaring og helst 5 års relevant praksis, av desse minst 2 år frå privat praksis med eller utan refusjonsrett frå Helfo.. Jobberfaring frå spesialisthelsetenesta og kommunalhelsetenesta kan og vere positivt.
Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vert vektlagt.
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Nærare opplysningar hjå Joe Greenshields Tel.: 45402511, E-post: stordfysioterapi@gmail.com, eller
konstituert einingsleiar Eining for Aktivitet og re/habilitering Bente Bjelland, Tel.: 411 81 901, E-post: bente.bjelland@stord.kommune.no.
Dersom søkjar ynskjer å vera unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.