100 % stilling som kommunefysioterapeut i Tokke kommune, ID 685

Tokke kommune søkjer ein offentleg godkjent fysioterapeut i 100% stilling.

Om stillingen:

Søknadsfrist: 27. januar 2021

Nærmere informasjon: Evy Katrin Aamlid, tlf. 35 07 55 30/ 411 00 975.

Søk på stillingen

Tokke kommune ligger i Vest Telemark ved enden av Telemarkskanalen. Dalen er administrasjonssted med ca 590 innbyggjarar. Her finnes det legesenter, barnehage, skule og vidaregåande skule. Eventyrhotellet Hotel Dalen er ein av kommunens attraksjonar, saman med kanalbåtane. Om vinteren er Høydalsmo og Hallbjønnsekken populære skiområde.

Tokke kommune søkjer ein offentleg godkjent fysioterapeut i 100% stilling (80% fast og 20% engasjement i eit år som evt. kan vidareførast). Arbeidet vil vere tett knytt opp mot kommunale fysioterapioppgåver, kvardagsmeistring og Frisklivssentral. Kommunen har to kommunale fysioterapistillingar, ein ergoterapeut i full stilling, samt to fysioterapeutar med driftstilskot som driv eige institutt.

Arbeidsoppgåver:

  • Sikre eit godt fysioterapitilbod til Tokke kommune sine innbyggjarar
  • Utføre kartlegging, behandling og opptrening av personar i alle aldrar både i heimen, på institusjon, i barnehage og skule, samt på helsestasjon.
  • Drive og vidareutvikle det førebyggjande helsearbeidet i kommunen i form av individuelle samtaler, gruppetilbod og kurs gjennom Frisklivssentralen i Tokke
  • I stillinga ligg det eit bredt fagleg samarbeid med andre tenester, internt og eksternt

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent autorisasjon som fysioterapeut
  • Erfaring med kommunal fysioterapi
  • Det er en fordel med interesse for tverrfagleg arbeid med pasientar i alle aldrar
  • Erfaring med leiing av ulike treningsgrupper
  • Kompetanse/ erfaring med arbeid i Frisklivssentral
  • Gode datakunnskapar
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha evne til å strukturere og koordinere arbeid i ein hektisk kvardag
  • Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø
  • Bidra til å skape kontinuitet, kvalitet og stabilitet på arbeidsplassen

God norskspråkleg formidlingsevne skriftleg og munnleg er nødvendig.

Me tilbyr spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i engasjerte fagmiljø.

Du som søkjer må inneha førarkort klasse B og politiattest av seinare dato må leverast.

Personlege eigenskapar, fleksibilitet og samarbeidsevner vil verte vektlagde og referansar vil verte nytta.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Nærare informasjon om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid, tlf. 35 07 55 30/ 411 00 975.

Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema på stilling, som du finn på www.tokke.kommune.no

Det elektroniske søknadsskjemaet må fyllast ut så fullstendig som mogleg.

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast ved førespurnad eller ved frammøte til intervju.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknadsfrist: 27. januar 2021.

Tiltreding: Snarast

Velkomen som søkjar!