Ledig driftsavtale ved Brattvåg Fysikalske Institutt AS

Om stillingen:

Søknadsfrist: 27. april 2025

Kontaktinfo: Frode Bøe Hatlelid,
Kommunalsjef, 92243788,
frode.boe.hatlelid@
haram.kommune.no

Elly Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565
elly.christine.volsdal.slettvoll@
haram.kommune.no

Søk på stillingen

Brattvåg Fysikalske Institutt AS skal ha ledig ein 100% driftsavtale frå snarast. Driftsavtalen skal utøvast i Brattvåg Fysikalske AS sine lokaler.

Vi søkjer etter fysioterapeut med allmenn kompetanse og erfaring frå privat praksis. I tillegg er det ønskeleg med ultralyddiagnostisk kompetanse. 

Brattvåg Fysikalske AS har 3 driftsavtaler på 100% kvar. Instituttet har kontormedarbeidar i 87% stilling og ein fysioterapeut som arbeider heilprivat i 50% stilling. 

Instituttet driv frå eigne lokale i Brattvåg og leiger lokale på Haramsøy som er åpen 2-3 dager i veka. Tiltredande fysioterapeut går inn i turnusordninga ein nytter for å dekke opp tilbodet. Instituttet har god pasienttilgang, separate behandlingsrom, resepsjon og godt utstyrte treningsrom. 

Alle tre fysioterapeutane med driftsavtale har 1/3 eigarandel i AS'et og likt ansvar for drifta av Brattvåg Fysikalske AS. Fråtredande fysioterapeut vil nytte retten sin til å overdra fysioterapiverksemda si i henhold til ASA 4313 punkt 7.1. Tiltredande fysioterapeut vil bli tilbydd fråtredande sin 1/3 eigerandel i selskapet/instituttet, og må rekne med ein kostnad i denne samanheng. Det vil også bli krevd oppgjer for goodwill (verdien av opparbeidd praksis). 

Tiltredande fysioterapeut forplikter seg til å drive verksemda si i henhold til ei kvar tid gjeldande ASA 4313. Tiltreding og overdragelse vil skje iht ASA 4313. 

Det vert forventa at aktuelle kandidatar har sett seg inn i dei driftsmessige forholda ved instituttet før ein takker ja til ledig driftsavtale. Detaljerte opplysninger kan ein få ved å henvende seg til fråtredande fysioterapeut ved Brattvåg Fysikalske AS.

Arbeidsoppgåver

  • Behandlingsformene skal være forankra i kunnskapsbasert praksis
  • Behandling foregår individuelt og i gruppe
  • Deltaking i heimebehandling
  • Deltaking i ansvarsgruppemøter ved behov

Kvalifikasjonar

  • Norsk offentleg godkjend fysioterapeut
  • God kunnskap i norsk språk, skriftleg og muntleg
  • Relevant erfaring
  • Evne til å prioritere ut i frå kommunens prioriteringsnøkkel
  • Kunnskap om styrketrening og tilpasning til riktig nivå, herunder kjennskap til ulike redskaper og hjelpemidler for å oppnå ønsket resultat
  • Har fokus på ein aktiv og heilskapleg tilnærming til pasientar
  • Faglig oppdatert på relevant kunnskap, gjerne innan aktiv rehabilitering
  • Førarkort klasse B og må disponere bil

Fysioterapeuten skal drifte sin praksis i henhold til relevant helselovgivning, og den til enhver tid gjeldende ASA 4313.

Tildeling av avtalehjemmelen vil skje på de vilkårene som fremgår av ASA 4313. Tilfredsstillende politiattest, egenerklæring tuberkulose og taushetserklæring må leveres før oppstart, i henhold til gjeldende regelverk.

Personlege eigenskapar

  • Påliteleg
  • Samarbeidsvillig
  • Strukturert og systematisk
  • Løysningsorientert
  • Motivasjons- og formidlingsevne
  • Sjølvstendig
  • Evne til å skape gode relasjonar

Vi tilbyr

  • Godt fagmiljø
  • Egna lokaler med erfarne terapeutar og kontorressurs på instituttet
  • Fin beliggenhet, sentralt i Brattvåg
  • Positivt og sosialt miljø

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Powered by Labrador CMS