Ledig 100% vikariat som fysioterapeut

Vik kommune

Om stillinga:

Søknadsfrist: 25.01.2022.

Vår ref: 581.

Kontaktpersoner:

Hildegard Valland, Kommunalsjef helse og omsorg, mobil: 47264660, hildegard.valland@vik.kommune.no

Rannveig Kvåle, Tenesteleiar Rehabilitering, mobil: 45613678, rannveig.kvale@vik.kommune.no

Søk på stillinga

Vik kommune haromlag 2600 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde.

Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.

Tenestemålet er nynorsk.

Vik kommune er ein stor arbeidsplass med om lag 320 tilsette fordelt på ca 260 årsverk og eit brutto driftsbudsjett på 220 mill.kr.

Me har ledig

Me søkjer etter fysioterapeut i vikariat frå snarast til 04.08.2022.

Stillinga er organisert i rehabiliteringseininga under Helse og velferd i Vik kommune. I eininga vil du jobbe ilag med tre andre fysioterapeutar, ergoterapeut og driftsoperatør(hjelpemiddel). Me er lokalisert ilag med open omsorg, Vik bygde- og sjukeheim og Helsetun med lege- og helsestasjonsteneste.

Hjå oss vil du vil du få ein variert praksis og gode høve til fagleg utvikling gjennom

  • Tverrfagleg samarbeid på individ- og systemnivå
  • Setje i gang behandlande og forebyggande tiltak for pasient/brukar i klinikk, i institusjon og i heim
  • Kartlegging og vurdering
  • Gruppetrening

Kvalifikasjonskrav

Offentleg godkjend 3-årig fysioterapiutdanning.

God munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Personlege eigenskapar

Evne til samarbeidsevne og sjølvstendigheit.

Engasjement for faget og pasientane.

Positiv og serviceinnstilt.

Løns- og tilsetjingsvilkår

Løn og andre vilkår i samsvar med kommunal tariffavtale for kommunefysioterapeut.

Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Den som vert tilsett må levera politiattest og helseattest av ny dato.

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Kommunen er behjelpeleg med å skaffe bustad.

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.

Powered by Labrador CMS