Driftstilskot for fysioterapeut

Om stillingen:

Søknadsfrist: 17. november 2026

Kontaktpersoner:

Inger Lise Kaldhol             kommuneoverlege/leiar legetenesta
tlf 481 81 541

Kristin Vik                            kommunalssjef helse og omsorg
tlf 950 56 613        

Mariann Topphol             avtalefysioterapeut i utlyst driftstilskot
tlf 977 90 710

Søk på stillingen

Ulstein kommune har ledig eit driftstilskot med opptrappingsavtale frå 01.01.2027 ved Ulstein Fysioterapisenter AS. Driftstilskotet skal overførast gradvis frå 50% ved oppstart til 100% seinast innan 31.12.2029 . Ulstein Fysioterapisenter AS har totalt fire driftstilskot.

Det er eit ynskje frå senteret at ny avtalefysioterapeut skal kjøpe seg inn i Ulstein Fysioterapisenter AS. Senteret eig lokala dei driftar i, og lokala ligg i sentrum av Ulsteinvik og blei oppussa i 2022 ved innflytting. Lokala legg godt til rette for god drift.

I tillegg til senteret er det to kommunalt tilsette fysioterapeutar og to andre avtalefysioterapeutar i kommunen. 

Ved tildeling av driftsheimelen blir det lagt vekt på den søkjaren som etter ei samla vurdering er best skikka. Det vil bli vurdert ut frå saklege kriteria som fagleg kompetanse og erfaring, samarbeidsevne, og at søkjaren er eigna og evnar å drive privat praksis.

Tildeling vil skje i samsvar med ASA 4313.


Arbeidsoppgåver

  • Praksisen skal drivast etter helse og omsorgstenestelova og anna relevant helselovgjeving og på vilkår i frå ASA 4313

  • Kunnskapsbasert fysioterapi i tråd med planar, prioriteringar og utfordringar i den kommunale helse og omsorgstenesta

  • Allmenn fysioterapi, individuelt og i grupper

  • Heilskapleg tenking i møte med pasientar

  • Rettleiing i eigenmestring og fysisk aktivitet


Kvalifikasjonar

  • Fysioterapeut med norsk autorisasjon.

  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

  • Tilfredstillande politiattest

  • Kompetanse og erfaring i kunnskapsbasert vurdering, behandling og oppfølging av eit bredt spekter av pasientar

  • Kompetanse og erfaring innan aktiv habilitering og rehabilitering

  • Det er ynskjeleg med erfaring frå privat praksis

  • Det er ynskjeleg med vidareutdanning, gjerne i psykomotorisk fysioterapi eller barne og ungdomsfysioterapi


Personlege eigenskapar

  • Du kan jobbe etter kjerneverdiane i Ulstein kommune: Nyskaping, omsorg, rausheit og mangfald

  • Du kan arbeide sjølvstendig, er strukturert og har gode samarbeidsevner

  • Det blir lagt vekt på evne til å vere med på å utvikle gode fysioterapitenestar for innbyggjarane

Vi tilbyr

  • God pasienttilgang

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagleg miljø med dyktige og positive kollegaer

  • Gode lokale med eigna treningsutstyr

  • Romslege kontorlokale, oppkopla mot Norsk Helsenett

Powered by Labrador CMS