
Fysioterapipraksis 50% med driftstilskot
Fysioterapiteneste i Stord kommune består av kommunalt tilsett fysioterapeutar og private fysioterapeutar med driftsavtale.
Stord kommune lyser no ut ein nyoppretta 50 % driftsavtale i generell fysioterapi med tilleggskompetanse i kvinnehelse.
Målet med satsinga er å redusere sjukefråværet og betre tilgongen til fysioterapeutar i kommunen.
Kommunen har ei mangfaldig befolkning og målsetjinga vår er å legge til rette for at flest mogeleg skal ha eit aktivt liv, og vera sjølvstendige i kvardagen.
Praksisen skal drivast i.h.t. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester, anna relevant helselovgiving og på dei vilkår som framkjem av ASA 4313 slik den til ei kvar tid lyder. Fysioterapeut med avtaleheimel har rett til trygderefusjon etter refusjonsforskriften.
Avtaleheimelen er nyoppretta og difor ikkje knytta opp mot noko lokale. Lokalisering av fysioterapipraksis vert difor nærare avtalt med kommunen.
Arbeidsoppgåver:
Å ha eit ope fysioterapitilbod til befolkninga. Pasientgruppa er svært variert og dekkjer dei fleste fagområde innan fysioterapi, for både ungdom, vaksne og eldre personar. Arbeidsoppgåver knytta mot kvinnehelse skal vera inkludert i stillinga.
Å driva kunnskapsbasert fysioterapi etter <> og berre nytte behandlingsformer som er akseptert av helsemyndigheitene, jf. Takstføreskrifta.
Arbeidet omfattar klinisk undersøking og individuell tilpassing av behandling- og rehabiliteringsopplegg, eventuelt førebyggjande tiltak, avhengig av brukarane sine behov.
Behandling skal hovudsakleg skje på instituttet, men kan og ved behov førekomme i heimen til pasientar, samt på andre arenaer som er nødvendige for god og heilskapleg behandling.
Fysioterapeuten skal vera ein aktiv bidragsytar i utvikling av Fysio-/ergoterapitenesta i kommunen. Dette inneber at ein blant anna deltek på felles møter for fysioterapeutane i kommunen, og at ein jobbar målretta for å halde ventelistene nede.
Vi ønskjer ein fysioterapeut som:
Evnar å jobbe sjølvstendig, samt har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner med pasientar, og samarbeidspartnarar.
Har interesse for fagleg utvikling, både personleg og for å utvide klinikken og kommunen sitt behandlingstilbod.
Ønskjer å jobbe med ei aktiv tilnærming og kan legge opp individuelt tilpassa behandlingsforløp, med mål at brukarane skal bu lengst mogleg heime med ein aktiv kvardag
Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga blir vektlagt.
Kvalifikasjonar:
Norsk autorisasjon som fysioterapeut med minimum 5 års erfaring innan generell fysioterapi.
Kompetanse innan kvinnehelse.
Kompetanse innan oppfølging av sjukemeldte med mål om å unngå langtidsfråvær.
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Erfaring frå både kommunal og privat praksis er ein fordel.
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til:
Avdelingsleiar aktivitet og re/habilitering Bente Bjelland, Tel.: 411 81 901, mail: bente.bjelland@stord.kommune.no eller
Kommuneoverlege Linda Mari Hammersland, mob; 96944927, mail: linda.mari.hammersland@stord.kommune.no
Dersom søkjar ynskjer å vera unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillinga:
Bente Bjelland, Avdelingsleiar, tlf 411 81 901
bente.bjelland@stord.kommune.no
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.