Kommunefysioterapeut – friskliv, fysio- og ergoterapiavdelinga – 100 % fast
Vinje er kommunen for deg som søkjer vakre naturopplevingar!
- Du som likar å jakte, fiske og drive med ulike friluftsaktivitetar
- Du som trivst best i slalombakken, i langrennsløyper innover vidda eller på høge toppar
- Du som blir lokka av det nære og trygge
- Du som trivst i eit lokalmiljø der ting skjer
- Du som vil få til noko
- Du kjem til å trivast her i Vinje!
Vinje kommune ser etter ein ny fysioterapeut til vår fagleg engasjerte og trivelege fysio-ergoterapi avdeling. Hos oss får du ein spanande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø. Tverrfagleg samarbeid er viktig for oss, og me er stolte av å ha høg kompetanse i alle ledd av dei kommunale tenestene. Vinje kommune er positiv til kreative utviklings- og fornyingsidear, og du har store moglegheiter til å påverke arbeidskvardagen din.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for drift og vidareutvikling av Frisklivssentralen i kommunen
- Lærings- og meistringskurs i regi av Frisklivssentralen
- Lågterskelgrupper på dagtid
- Førebyggjande arbeid og rehabilitering i kommunen
- Habilitering/rehabilitering i institusjon og heim
- Deltaking i utviklings- og forbetringsarbeid i form av grupper eller prosjekt
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du har fagleg engasjement og evne til å bidra i fagleg utvikling
- Du har godt humør, likar utfordringar og er løysningsorientert
- Du er fleksibel og omstillingsdyktig
- Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som fysioterapeut
- Ynskjeleg med kompetanse og/eller erfaring innan frisklivsarbeid
- Ynskjeleg med erfaring og/eller kompetanse i helsefremjande samtaleteknikk
- Erfaring i å leie grupper/gruppetrening
- God framstillingsevne i norsk, skriftleg og munnleg
Me tilbyr
- Særs gode kollegaer
- Eit arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, fagleg trygge og dyktige arbeidskollegaer
- Rom for fagleg utvikling
- Løn etter lokal tariff
- Bilgjodtgjersle
- Gratis skulemat
- Gratis SFO 1.-3. klasse
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- Me kan vera behjelpeleg med å skaffe bustad
Velkomen som søkjar!
Søknadsfrist: 22.09.2024 Søknadsskjema finn du her: Annonse - Webcruiter
For nærare opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar i fysio- og ergoterapitenesta, Elisabet S Haagensen tlf 40903666.